Kvænangsbotn rundtur
Vi er samla på møterom på Halti igjen. På prosjektorduken framfor oss ser vi kartet over området vi skal gå i. Dette er palmetur nr. 24 Denne turen kom i stand delvis som ein fylgje av ein hausttur i fjor. Ein såg potensialet for ein fin skitur i same området. Etter det er skiruter blitt tenkt, snakka om og diskutert. Lesten er kameratskap, fine opplevinger, variasjon, ispedd utfordring. Som vanlig er det blitt sjekka overnattingshytter, muligheter og begrensinger. Valget denne gongen blei fjell og vidder med utgangspunkt i Kvænangsbotten.
Gjennom vinduet kan eg sjå ein mann som går utanfor. Det er så vidt han sig framover, ryggen er krøkt og han ser ned i bakken. Blikket fjernt, Kroppen verkar nedtyngd av meir enn bæreposen han held i handa. Ein gamal mann med meir fortid enn framtid, tenkjer eg.
Så er det ein som spør om alle blir med på denne turen? Eg snur merksemda mot meg sjølv. Kjenner ein ambivalens og usikkerheit ovanfor dette spørsmålet. Eg er blant dei eldste nå, eit par personar har kasta inn handkle, enten permanent, eller midlertidig av alder eller andre årsaker. Kva med meg? Eg kjenner at eg både gleder og gruar meg. Trur likevel at denne turen vil eg klare å gjennomføre greitt, men må nok slite litt innimellom. Usikkerheitene går på om eg blir ein bremsekloss på dei andre i laget? På kartet ser turen ganske grei ut, relativt stutte dagsetappar og lettgått terreng, om ein ser bort frå monsterbakken opp på snaufjellet 2. dagen. Der får ein for alvor prøvd treningsgrunnlaget. Eit par har ikkje høve til å bli med, ein treng litt ekstra rehabilitering, og blir berre med till første overnatting. Eg svarar eintydig at eg er med. Så drikk vi kaffi og et sjokolade, mens vi fordeler oppgåver og ansvar. No står det berre att å sjekke det vi skal ha med oss, og ordne det som trengst på turen. Det er Ingen veg tilbake.
Følgende var med på turen: Asbjørn H, Dag F, Roy H, Magne H, Morten F, Odd HR og Odd AH.På turdagen møter alle fram 11.30. litt slingringsmon er innlagt, vi stressar likevel ikkje denne gongen. Har tid til ein kaffikopp og ein vaffel. Blir og høve til eit siste innkjøp, eller å henta noko som ein kan ha gløymt frå pakkelista. Min strategi på denne turen er å bære sekk, pakke lett og ikkje ha med meir enn det nødvendige. Har heller ikkje vore over ivrig til å melde meg klar til å bære fellesutstyr. Rettferd er eit kriteria, men personlegdom og eigne forutsetningar teller også med. Tre av deltakarane har pulk, og da er det jo enkelt å legge utstyr der.
Er i gang ein time seinare. Tre bilar med kurs for Kvænangsbotten.
Oppturen til hytta er ganske lett, været fint og vi har heile ettermiddagen å ta av. På den måten får vi også kjenne på tyngda av pulk og sekk, testa ski og utstyr, finne rett smurning, prøve ut skifellen etc. Ei kvil og ein pust i bakken blir det også høve til.
Brått er vi framme ved til ei koseleg hytta, fin nok også innvendig. Delt i to avdelingar, til samen 4 køyer. Regelen er aldersansiennitet, så dei yngste i laget må ta til takke med å liggja på golvet.
Før dette
skal imidlertid den rituelle palmebiffen fortæras. Etter tradisjonen skal dette
helst skje på lørdag, men det er rom for unntak og sunn fornuft seier fredagen
denne gongen. Biffen er mørna nok og sjølve treng vi ikkje mørnas ekstra ved
bære på unødvendig tung last. Til gjengjeld kan vi spe på med enda mer tilbehør.
Til og med dessert for ekstra energipåfyll, unner vi oss denne gongen. Snart er det god varme i ovnen, biffen i
steiking, raudvin i glasset og gourmet måltidet klar til å serverast. Praten går lett med innslag av nye og gamle historier.
Tida flyg. Inne lyser talglyset opp, men det er blitt mørkt ute. Også
festkveldar tar slutt. Vi har ein lang skitur framfor oss neste dag. Like greit
for augo begynner å glippe. Vi finn vårt leie for natta og gjev oss over til draumen
og søvnen.
Eg vaknar neste dag til solstrålar, varme frå ein lystig vedovn og kaffilukt i nasen. Eg er takksam for at det finns morgonfuglar blant oss. Stille står dei opp, tenner i omnen, lagar på kaffi og ordnar til frukost.
Etter frukost, går det meste på etablerte rutinar, rydde ordne i hytta, hente vatten, koke, fylle termos, pakke sekken, hogge ny ved.
Vær og føre er strålende, sol, få minusgrader. Heldigvis er sekken litt lettere enn i går, men tung nok med tanke på den brutale oppturen rett bortafor hytta. Over 200 m nesten rett opp. Ingen kjem over skoggrensa her uten å svette, men dei som dreg pulk får det ekstra tungt. Den eine i gjengen som skal snu heim, følgjer oss et stykke oppover, før han takker for seg og ynskjer oss lykke til på turen vidare . Kjenner for eigen del at det går lettere enn eg trudde, er glad for den nøkterne sekken som blei pakka. Dei som dreg pulk må verkeleg ta i. Er så lett å hive i ekstra i ein pulk. Ser forresten ikkje ut som alle slit så overmåte med pulken heller, verkar som det går så lett at ein kunne mistenke at det var mest luft i lasta. I litt forskjellig marsjfart sig vi oppover, ingen klagar og snøen er ein draum å gå på. Etter ca to timer er vi alle oppe og vi kan ta ein pust i bakken med drikke og bedre veskebalanse.
Her opp over skoggrensa får vi lønn for strevet med utsyn til å miste pusten av. Dalbotnen under oss og fjell og vidder så langt auga kan sjå. Verkar som urørt natur, ikkje spor av menneskje å sjå, det er oss og fjellet. Til å bli religiøs av var det ein som sa. Kan likevel ikkje fortape oss heilt i utsyn. Vi har framleis mange kilometer å gå, før når neste hytte. Lende er meir småkupert og flatt. Framleis godt føre med litt nysnø oppå eit hardare underlag, Vakkert landskap, vi er lette til sinns etter gjennomført oppstigning. Snart er det tid for en lita matpause, og finn plass i ein lun krok. Det går likevel ikkje så lang tid før ein kjenner at det ikkje er så varmt likevel her oppe, kanskje litt kaldare enn ein trudde da ein gjekk. Vi har heller ikkje så mykje tid å miste om vi skal nå fram før det blir mørkt.
Brått er det som sivilisasjonen trenger seg på oss, ein eim av bensinlukt, riv oss i nasen, så høyres motordur, og ein snøskuter fer som ein vind over sletta, den får fylgje av fleire. Så var vi ikkje heilt aleine likevel. Vi og skuterkjøyrarane lever i kvar vår verd, men vi er i i det same fjellet og lyt dele med snøskuter fantoma. Er dei ute etter det same som oss: turliv, fjellets fred og ro, eller er det kappkjøyring for å vise seg fram som ekte mannfolk?. Vi må gå same vegen ei stund framover og kan velja opptråkka skuterspor eller laussnø ved sida av. På vegen går vi forbi fleire vattens som det skal vera bra med grov røye i. Isfiskarar ute på vatna eller sitjande i solhellinga godt kledde med skinnfellar dei har pakka seg in i. Vi ynskjer dei «skitt fiske» Vi er av forskjellig rase og vi forstår kanskje ikkje heilt kvarandre sine verdiar, men må akseptere at fjellet er ikkje noko vi har monopol på.
Dagen lid på og atter er det berre oss og den mektige naturen rundt oss. Vi treng igjen litt mat og drikke å styrke oss på, men kjenner fort at det er blitt skarpere trekk i lufta og at kroppen fort blir kald. På tide å gå videre. Når eg igjen får varmen i kroppen kjenner eg den gode opplevinga med å gå her. Vi går i trivselstempo som gjer at ein smeltar saman med landskapet, dalsøkk, vid himmel og fjell som kvelver seg rundt oss. Endringar og resonansar frå tidlegare turar og opplevingar blandar seg med det nåtidige og gjev eit ekstra kjensledjup inne i meg.
På vinterturar med denne gjengen har eg få tankar om navigering, kor er vi er og kor vi går, det er det andre som finn ut. Stolar blindt på erfaringa og kompetansen i laget. Dermed kan eg tankane vandre andre stadar mens eg går. No er dagen er på hell, trass i lange lyse dagar på denne tida, så er sola blitt borte vi går, er ho bak fjellet eller bak skyer? Kanskje er ho i ferd med å gå ned?. Kjenner også eit kaldare drag i lufta og det er lange skuggar i dalbotnen. Vi har gått langt no, kjenner at reimane på sekken strammar vond over skuldra og at armar og bein trøytnar. Skulle vi ikkje snart være framme?, men korleis finne ei lita hytte i dette flate snølandskapet, der alle fjell og sletter ser så like ut? Merkar meg også ei uro i gjengen, vi går ikkje i samla flokk lenger, men har spreidd oss ut i mindre flokkar som om vi er på søk. No kjem våre ulike personlegdommar fram. Dei er «kjenslemenneskja», eller «kunstnarane»,blant oss, dei som navigerer på instinkt, gamal erfaring og taus kunnskap. Så har vi rasjonalistane, dei som søker konkrete fakta, reknar og tenker logisk. Eg beundrar mest kunstnarane, men stoler mest på rasjonalistane og fylgjer etter dei.
I det dei siste solstrålene forsvinn bak fjellet når vi hytta ganske samstundes alle saman. Hytta helsar oss velkommen, der ho ligg opent og fritt i lendet ovanfor eit dalsøkk, vi aner ein liten bekk under snøen i kløfta nedanfor. Ei god kjensle strøymer på, dette er løn etter ein lang dag på ski. Men kjensla blir halden i sjakk av den store snøskavlen som ligg framfor døra. Vi får måka bort såpass mye at vi får opna døra men må konstare at også svalgangen er fylt av hardpakka snø. Heldigvis står spaden der lagleg til så vi får i alle høve ein meir effektiv måke reiskap. Etter enda ei økt kan vi endelig åpne døra inn til det aller helligste, sjølve storstova. Den er stor og flott, med sengeplass til alle, stort bord, sofa, stoler og kjøkkenutstyr. Midt i rommet troner ein stor ovn som det skal bli godt å få varme fra, gradestokken har krype drastisk ned etter soleglad og nedkjølte av våte klede som tørkar på kroppen. Bare så dumt at det ikkje finns ein vedpinne i hytta eller i det karrige landskapet utfor hytta. Omnen liknar no meier eit hån mot oss, og ikkje den livgjevande varmekjelda vi såg fram til. Ikkje ser det ut til at det er ved på den vesle doen som står litt bortanfor hytta heller, og den er dessutan hardpakka fylt med snø, så utsikt til einsam og vindskjerma do tur er i det blå.
Det er no vi må gjera dei rette vala. Skal vi bli i den fine hytta og gjere det beste ut av opphaldet, risikere ei kald og ukomfortabel overnatting, eller er det no vi må «gå den ekstra mila» til reservehytta. Ein finn fram dei to primusane vi har i sekken og fyrar opp. Er også gasskomfyr i hytta, men den er til matlaging og ikkje oppvarming. Ein går ut i kulda og tek fatt på det som kunne fortone seg på et håplaust prosjekt å tømme utedoen for snø. Så tek ein tredje skia og pulken fatt og ruslar i kveldsskumringa ut på den endelause og forblåste vidda, på jakt etter ved. Om ei stund er han tilbake og i pulken ligg det mirakuløst ved. Korleis han fekk tak i det er han taus om, og det må bli overlat til mystikkens sfære, meir nøkterne tankar går til reingjere, eller ekstra lager frå ei hytte i nabolaget. Det løyser uansett problemet vårt, og etter som flammene aukar i styrke og varmen breier seg til alle krokar i hytta blir omnen igjen den livgjevande og stemningsskapande midtpunktet vårt.
Utenfor har vinden teke seg opp, snøfokket slår mot hytteveggen, gradestokken sig under 20, men nattehimmelen gløder i vest. Da er det godt å ha på seg tørt tøy, varme i huset, drikke mat som putrer på kokeplata. Middagen er mindre overdådig enn biffmåltidet kvelden før, men sult etter lang og aktiv dag på ski »..er den beste kokken», seiest det.
Kvelden vidare blir nytta som det høver for den einskilde. På bordet står gårsdagens rester av konjakk og vin. Nokre tek seg ein kvil på køya, det er tid for å skravle og historieforteljing. Ein finn fram Quiz boka og set oss på nye prøver. Det er alltid fengjande og gjær det vanskeleg å leggja seg, slik ein kanskje burde. For min eigen del set eg pris på slike utfordringar, men må erkjenne at det er mange kunnskapsrike folk eg er i lag og eg er nok ikkje like kjapp i hovudet som eg eingong var. Det er slik, at alder kan begrense både fysisk og mental aktivitet, men eg vil møte dette, utan å avstå unødvendig frå det som gjær livet rikare og artigare, tenkjer eg.
Bilder fra søndag
Vi vaknar etter ein god natt søvn, eller nokon har alt vore oppe ei god stund og gjort hytta komfortabel å stå opp i. Nytrekt kaffi er også bra i overgangen frå søvn til utelivets gleder, eller dagens strabasar, som ein også kan kalle det. Ute ular vinden like intens. Det har vel snarare auka på utover natta og no på morgonen. Ikkje teikn til at den skal løye med det første. Vi har vel eigentleg litt tid på oss. Den siste etappen ganske lett med mykje utforbakke. Vi stressar heller ikkje med å kome oss ut, men heller ingen grunn til å vente, vinden vil nok ikkje gje seg med det fyrste og , det vi kan håpe på er at sola kan varme opp den kalde lufta.
Så er vi igjen klar for dag 3 og sluttetappen på årets palmetur. Det var ikkje bare nedoverbakke her heller, men faktisk med solid oppoverbakke i starten. Vi blir i alle fall varme og heldigvis kjem vinden mer fra sida og i ryggen. På turen passerer vi hytte, men gjær bare eit kort stopp her, for å få i oss litt mat og drikke. Bra å komme inn, dette er ikke forholda til å nyte lunsjen i friluft. Så går ferda videre. Dette går bra om vi klarer å holde oss på beina i stormkasta. Oppe på ei høgde opnar dalen seg for oss det er den vi skal ned i. Vinden slit i oss og gjær det vanskelig å stå støtt. Det er bratt utfor, men ikkje plassen å ta lang pause, eller å studere kart for å finne den beste nedstigingen. Ein etter ein set vi utfor, ikkje forhold eg personleg likar meg best på, stupbratt og veksling mellom skare og laussnø. Finn ut at eg for egen del likegodt kan ta av meg skia og gå springe nedover. Heldigvis ventar dei fyrst an komne nede på det islagte vatnet og alle med lemmer og bein like heile. Ferda vidare på isen er eit eventyr. Det er berre å bruke kroppen som vind seil og seile i veg. Kunsten er å ha kontroll og å kunne stoppe. Det skulle vise seg å være nødvendig, for i enden av vatnet, bær det rett utfor. Her gjeld å tenkje seg godt om og finne den beste og minst farefulle nedstigninga både for folk og utstyr. Mens vi sjekkar dette og legg planar går snøraset framom oss. Litt skjelvne står vi tilbake, eit mektig skue, glade for at det var ein skistav som skreda tok. Så er det vår tur å kome oss ned. Vi finn ein trygg stad å skli oss nedover, sjølv dei med pulkane kjem seg heilskinna ned.
Det var bare det at han som hadde staven sin djupt nede i metervis sammenpakka snø har lyst til å ha begge stavane med seg heim og ikkje hadde lyst til å gå resten av turen med ein stav. Derfor enighet om at vi måtte prøve å sokne med våre skistaver og grave i håp om å finne den igjen. For egen del så opplevdes det som å finne nåla i høystakken, men glad for at det bare var ein stav vi skulle finne, er vi i gang med leiting på måfå i snøhaugen. Ingen tegn til stav, trass i iherdig leiting. Så bestemmer skredeksperten seg til å endre strategi. Han studerer utgangspunktet oppe og korleis raset hadde bevega seg som ei elv nedover. Dette gjev eit meir avgrensa og målretta område å søke i. Ikkje lenge etter blir staven lokalisert.
Før vi får summa oss heilt etter innsatsen står elgen, skogens konge på kanten av stupet og ser ned på oss. Eit mektig syn, men av engstelse for å få den i hovudet ispedd ny snøskred tok eg eit steg tilbake. Elg i solnedgang kan være eit vakkert, men elg i hovudet er noko anna. Majesteten ristar bare på på hovudet , før han snur rumpa til og forsvann inn i sitt rike.
Turen går videre på i bratt lende på ski eller til fots, men snart er vi ned i skogen igjen og det flatar ut. Her er det også god skjerming for vinden og vi kjenner varmen frå sola innunder furuleggen. Her lar vi sola bake oss, medan vi et dei siste ferdigsmurte skivene. Ned mot elva i dalbotnen og møter vi andre utfordringar, skogen er tett og snøen lausare. Det fristar å gå ned på isen og elva, men våren er i anmarsj, elva har stige og isen ser lumsk ut. Vi vel likevel bekvemmeligheten foran det sikre. Vi risikerer neppe anna enn å bli våte og det er så fint å gå her på elva, i solskinn og svakt nedover. Lenger nede er det imidlertid ingen bønn vi har ikkje vannski og må på land. Ein siste anstrengelse gjenneom djup snø i busk og kratt før vi kjem oss inn på tråkka skiløyper og kan sprade ned til bilene som framleis står parkert der vi forlot satte dem fra oss.
Kjenner ei god kjensle i kropp og sjel på vegen heim, ei kjensle eg kjenner så godt igjen frå tidlegare turar, ein tilfredsheit og over opplevingane vi har hatt og prestasjonen vi har gjennomført saman, over kamerat gjengen som vi er blitt, det kjennes så kjent og naturleg som det alltid har vore der og alltid skal bli kjenner også ei takksemd over at eg framleis kan være med på slike turar, sjølv om eg også veit at alt har ein slutt og dette kan bli den siste turen.
Tilbake på
Storslett blir det ingen badstue denne
gongen, men pizza på Bios, og ein kald øl for dei tørste blant oss. Velkommen til ny Palmetur neste år.